Therefore, Ukraine is unlikely to become an EU member now: - An extremely chess-ridden country

Ukraina drøymer om ein kjapp EU-inngang. Her er fem grunnar til at det ikkje skjer med det første.

Tonen var god då EU-topp Ursula von der Leyen møtte Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj i starten av april.

– Det vil ikkje ta fleire år, som det pleier, å gjere seg opp ei meining, men vere eit spørsmål om veker, vil eg tru, sa ho om eit potensielt EU-medlemskap.

Men sidan har fleire EU-land uttrykt skepsis til å gi Ukraina ein snarveg inn.

Det er ikkje berre, berre å bli medlem heller, påpeiker ekspertar på EU og Ukraina NRK har snakka med.

Må tilpasse seg kriterium
– For det første må Ukraina tilfredsstille eit sett av kriterium, seier Jarle Trondal, EU-ekspert og professor i statsvitskap ved universiteta i Oslo og i Agder.

– Så må landet gjere tilpassingar. Eit fullverdig demokrati, rettsstat og fri marknad må vere på plass, og det administrative og økonomiske systemet må fungere, held han fram.

Det er langt fram før landet har alt dette på plass, ifølgje Ukraina-ekspert og forskar Jørn Holm-Hansen ved Oslo Met.

– Det er eit ekstremt skakkøyrd land, seier han om korleis status var allereie før krigen.

Her er fem grunnar til at Ukraina neppe får sleppe inn i EU med det første:

1. Utbreitt korrupsjon

Det står verre til i Ukraina enn i dei mest korrupte landa i EU, sjølv om president Zelenskyj gjekk til val på kampen mot korrupsjon, ifølgje Holm-Hansen.

– Det er også snakk om nepotisme, at ein gir fordelar til dei ein kjennar. Bryt ein med det, blir ein ofte sett på som upåliteleg og ein slags svikar, seier forskaren.

Landet er nede på 32 av 100 poeng på korrupsjonsindeksen til Transparency International. Til samanlikning har Noreg 85 poeng, Ungarn har 43 og Polen har 56 per. 9. June.

2. Uferdig rettsstat og demokrati

Ukraina har problem med både rettsstaten, statsforvaltninga og demokratiet.

– Dei har større problem enn Polen og Ungarn, seier Holm-Hansen.

Landet gjer det dårleg på demokratiindeksen til The Economist Intelligence, og særleg ille står det til med korleis staten fungerer.

Heller ikkje pressefridomen er heilt på topp, ifølgje indeksen til Reportarar utan grenser (RSF).

– Ein må vere heilt sikker på at embetsverket kan fungere uavhengig av press frå interessegrupper i samfunnet som ønsker vedtak til sin fordel, seier Trondal.

3. Rikingar kontrollerer økonomi og politikk

Ukraina har kapitalisme, men ingen velfungerande marknadsøkonomi, slik EU krev.

– Oligarkane, dei store kapitaleigarane, har stor økonomisk og politisk kontroll, seier Holm-Hansen.

Han peikar på at konkurransevilkåra dermed ikkje blir like for alle.

– Det er grunn til å spørje om det er dei folkevalde eller oligarkane som bestemmer i Ukraina i fredstid.

4. Fattigdom, krig og nasjonalisme

Ukraina er eit fattig land med rundt 43 millionar innbyggarar. Det er låge løner og låg levestandard.

– Snittløna er under halvparten av det dei får i det fattigaste landet i EU, Bulgaria, seier Holm-Hansen, og viser til Worlddata.info.

Grunna krigen med Russland kan nær ein av tre innbyggarar hamne under fattigdomsgrensa, ifølgje FN.

– EU og Noreg vil sikkert bruke enorme summar på å hjelpe Ukraina opp og stå att etter krigen, men spørsmålet er om ein skal ha dette inn i fellesskapet som eit permanent problem, Holm-Hansen.

Den ustabile situasjonen landet har hatt med Russland sidan 2014, og krigen no, er heller ikkje ein ønskesituasjon å få innanfor EUs yttergrenser.

– Eg vil seie det er ein politisk umoglegskap. Landet bør vere veletablert og trygt før ein melder det inn i ein organisasjon, elles får organisasjonen dette problemet, seier EU-ekspert Jarle Trondal.

Dessutan er han skeptisk til om Ukraina er heilt på linje med EUs dyrking av mangfald, toleranse og fellesskap mellom ulike folkegrupper.

5. Urettferdig å gi ein snarveg inn

Sjølv om EU først signaliserte at prosessen kunne bli forkorta, meiner mellom anna Tyskland at ein snarveg inn for Ukraina er urettferdig overfor land på Vest-Balkan.

Dei har i fleire år førebudd seg på å bli verdige medlemar.

Frankrike meiner det kan ta minst 15 år å handsame søknaden om medlemskap, ifølgje NTB.

Alle EU-landa må vere samde i å sleppe til nye medlemsland, og om det blir ein snarveg eller ikkje.

– Ukraina kan oppnå kandidatstatus, men må nok gjennom lange prosessar der ein går punkt for punkt for å tilfredsstille kriteria medlemskapen føreset, seier Trondal.

Moglege løysingar

– Enten må Ukraina skjerpe seg kraftig, eller så må EU bli ein lausare samanslutning enn i dag, og gi avkall på det som har vore hovuddrivkrafta: tettare integrasjon, seier Holm-Hansen.

Skal ein vere optimistisk, peikar Ukraina-eksperten på at invasjonen kanskje kan føre til raske forbetringar.

– Kaoset som rår der no og samhaldet som invasjonen har ført til, kan bidra til at Ukraina gjer nokre byks framover og kan løyse nokre av dei djupt strukturelle og tankemessige utfordringane dei har slite med, seier forskaren.

Eit alternativ er om EU går inn for ein «lettare» type medlemskap, som foreslått av den franske presidenten Emmanuel Macron i mai: Eit europeisk politisk fellesskap der demokratiske land kan «samarbeide om politikk, sikkerheit, energi, transport, infrastruktur og migrasjon», ifølgje Euronews.

Det krev i så fall omfattande endringar av EU-systemet, som må bli akseptert av alle medlemslanda.

Sourse

0
Subscribe
Notify of
guest

0 Comments
Inline Feedbacks
View all comments
Authorization
*
*
Registration
*
*
*
A password has not been entered
*
Password generation
0
Would love your thoughts, please comment.x
()
x